KONKURRANSEVILKÅR:

  • Kvar deltaker kan delta med inntil fem bilete. Bileta må vere teke etter 01.12.2014.
  • Innsender må registrere seg med fullt navn, alder, kjønn, nasjonalitet og e-postadresse.
  • Aldersgrensa for deltaking er 15 år.
  • Bileta lyt merkast med kor dei er tatt, dato og ein kort beskriving.
    Bileta skal vere i JPG-format, og med max oppløysing på kameraet ditt.
  • Når du sender inn bilete, stadfester fotografen å vere biletas rette eigar og rettigheitshavar. Samstundes samtykker fotografen i at region setesdal får ubegrensa bruksrett (lisens) til dei innsendte bileta slik at desse kan nyttas utan vederlag av region setesdal. Bruksrett tyder rett til å endre, redigere, eksemplarframstille og tilgjengeleggjere bileta til ållmenta utan avgrensing i tids -eller medier, samt rett til å overdra bruksretten til tredjepart. Region setesdal kan bruke bileta på eitkvart territorium både under og etter fotokonkurransens slutt, og både til fysiske og elektroniske profilerings- og marknadsføringstiltak.
  • Dersom innsendar ikkje er opphavsmann til innsendte bilete, pliktar vedkommande å ha avklart opphavsrettslege spørsmål med rettigheitshaver i forkant. Bileta skal, så langt det er mogleg, krediterast med fotografens navn.Det er utelukkande innsenders ansvar å syte for at eventuelle personar på bileta er kjend med, og har gitt samtykke til at bileta kan nyttast som avtalt.Bileta skal vise ein reell situasjon og reelt ver. Innsendte bilete må ikkje vere manipulerte.
    Konkurransen er åpen for alle over 15 år.

 

JURYEN

Juryen består av tre personar, og peikast ut av region setesdal. Bildeta vil bli skjønnsmessig vurdert, med teknisk kvalitet som ein av fleire faktorar. Juryens vedtak er endeleg.